Dette er ei digital verktøykasse som omhandlar konflikthandtering i bibliotek. Eit viktig stikkord er førebyggande arbeid, og verktøykassa er meint som eit hjelpemiddel.
Her finn de faglege tekstar innanfor ulike tema, malar, casar, tips til foredragshaldarar og tips til vidare lesing for den som ønsker å fordjupe seg meir. Vi ønsker at biblioteka skal kunne finne informasjon for ulike situasjonar ein kan oppleve som vanskeleg.
Med bakgrunn i masteroppgåva «Der ingen ville se at så mye kunne skje» (Clementz & Røe, 2017) satte Møre og Romsdal fylkesbibliotek i gong prosjektet «Biblioteket – ein trygg møteplass?», og verktøykassa er eit resultat av arbeidet med prosjektet.
Vil du delta i diskusjonen?
Kom med innspel, følg med i diskusjonen og del erfaringar i gruppa «Konflikthåndtering i biblioteket» i forumet.
Kontakt oss
Dersom nokon har kommentarar, spørsmål, ønske til innhald eller bidrag til vertøykassa, er det berre å kontakta oss på epost: One Marthe Vik eller Cecilie Røe