Innholdet er laget av Møre og Romsdal fylkeskommune, fylkesbiblioteket

Barn og unge kan vere både ei berikande og krevande brukargruppe i bibliotek. Det viser seg at det er ei rekke utfordringar med barn og unge som bibliotektilsette ikkje nødvendigvis er rusta til å handtere. Kanskje har du ein mistanke om at eit barn blir utsett for omsorgssvikt eller overgrep, det kan vere barn som har det vanskeleg, eller ein ungdom som blir mobba. I slike situasjonar er det viktig å vite kor ein kan henvende seg med problemet.

Innhald

Orientert i eigen organisasjon

I første omgang vil det vere viktig at biblioteka held seg orientert i eigen organisasjon, og har oversikt over kven som arbeider med barn og unge i eigen kommune. Det kan og vere nyttig å opprette ein dialog med skular og barnehagar. Slik kontakt vil gjere biblioteket meir synleg innad i organisasjonen, og en kan få invitasjon til for eksempel nyttige fagdagar eller liknande som ein elles ville gått glipp av. Kommunane har ofte eigne handlingsrettleiarar og tiltaksplaner som omhandlar barn og unge, og det er viktig at dei bibliotektilsette er orientert om desse på lik linje med for eksempel tilsette i skular og barnehagar. Vi anbefaler å ha ei eigen kontaktliste (det ligg eksempel under Malar) med nøkkelpersonar og –institusjonar i eiga kommune lett tilgjengeleg.

Mange kommunar har ein eigen SLT-koordinator. SLT står for Samordning av lokale rus og kriminalitetsforebyggende tiltak. SLT-modellen skal samordne rus og kriminalitetsforebyggande tiltak for barn og unge. Målet er at kommunens barn og unge skal få riktig hjelp til riktig tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper.

Om å snakke med barn og unge

Når ein snakker med barn og unge kan det vere vanskeleg for mange å vite korleis ein bør gå fram, særleg om ein har mistanke om at det har skjedd noko vondt med den du snakkar med. Nokre gonger kan det også vere vanskeleg berre å «nå fram» med enkle beskjedar, som ikkje nødvendigvis har ein samanheng med ei straffbar handling.

I første omgang kan ein starte med å si «Hei!». Barn og unge er som oss andre; vi likar å bli sett og føle oss velkomne. Dersom nokon kjenner oss att, og huskar kva vi heiter, er det ekstra stas. Å bli tatt godt i mot aukar sjansen for at ein kjem tilbake, og snakkar positivt om biblioteket. Har dei tilsette tid til ein ekstra prat eller spele eit spel, kan det skape gode relasjonar med dei unge. Tenk gjerne over om ditt bibliotek har ein eigna stad til å prate, eller eit bord der ein kan sette seg ned for å spele spel.

Ein anna ting å tenke på, er å bruke dei unge sine ressursar. Barn og unge kan ha gode tips og idear, og kanskje vil dei hjelpe til dersom dei får sjansen. Det kan vere lurt å invitere til samarbeid om arrangement. Skulen, fritidsklubbar eller ungdomsråd kan vere gode samarbeidspartnerar på dette.

Opplæringplattformen SNAKKE er ein del av Regjeringas tiltaksplan En god barndom varer livet ut (2014-17).  Den er utvikla av RVTS nasjonalt på oppdrag frå Barne- Ungdoms og Familiedirektoratet. Tanken bak snakke er å auke fagkunnskap, men primært gi handlingskompetanse for dei som arbeider med barn og unge. SNAKKE har fleire delar; SNAKKElab, SNAKKEsim og kunnskapsdelen LærMer. I SNAKKElab visast filmar av vaksne i samtale med barn, der samtalane er meint som læring og inspirasjon. I SNAKKEsim kan du gjennom ein simulert relasjon øve deg på betre dialog med barn og unge. I LærMer kan du lese om det du blir opptatt av når du speler eller ser ein av filmane.

Stine Sofies Stiftelse står bak Jegvilvite.no. Sida er eit e-læringsverktøy om vald og overgrep, primært retta mot barn og unge. Jegvilsnakke.no er og til hjelp for vaksne, slik at dei kan lære å snakke med barn om dette. Hovudmåla for sida er å spreie kunnskap om vald og overgrep, få fleire til å seie frå dersom dei er utsatt eller veit om nokon andre som er det, samt å fjerne tabu i samfunnet. På sida for vaksne finn du tips om korleis snakke med barn, signal på misbruk, samling av artiklar og forskning, samt nedlastbart undervisningsmateriell og plakatar.  

Det kan lønne seg å opprette kontakt med eventuelle fritidsklubbar eller andre organiserte fritidsaktivitetar. Å kople seg på desse kan gi moglegheit for å vere med på kompetansehevande kurs, eller få gode tips og råd frå dei som arbeider med dette. Eit anna tips er å følge med på om det haldast vektarkurs i nærleiken, då kommunikasjon og konflikthandtering er noko av kursinnhaldet. Det går an å forhøyre seg om det er mogleg å vere med på delar av kurset.

Dersom du er bekymra

Det første du bør spørje deg sjølv om, er om du har mistanke om at det skjer noko som er straffbart eller ikkje. Det kan til dømes vere at du ser nokon blir haldt utanfor, blir mobba, eller har kjærleikssorg. I slike situasjonar kan ein gjerne kontakte foreldre, for å gjere dei oppmerksom på situasjonen.

Dersom du har mistanke om at eit barn eller ein ungdom blir utsett for ei straffbar handling, skal du alltid melde i frå til nokon. Du kan enten melde vidare til for eksempel ein overordna, eller du kan melde vidare til skule/barnehage eller helsesøster i kommunen. Dersom du snakkar med barnet sjølv, er det viktig å loggføre kva som blir sagt.

Du kan melde bekymring direkte til barnevernet. Under følger ei rekke lenker til meir utfyllande informasjon.

  • Bufdir.no finn du informasjon om barnevernet og korleis melde frå.
  • Plikt.no gir informasjon om avvergingsplikta og opplysningsplikta (meldeplikta). Her kan du og lese meir om unntak frå taushetsplikta.
  • Dinutvei.no, den nasjonale veiviseren ved vald og overgrep. Her kan du og finne informasjon om negativ sosial kontroll.
  • Politiet.no har ei eigen side om råd og forebygging, med tema som for eksempel vald i nære relasjonar og overgrep mot barn.
  • Statens barnehus er eit tilbod til barn og ungdom som kan ha vorte utsett for, eller har vore vitne til vald eller seksuelle overgrep, kor det føreligg ein politianmeldelse. Statens Barnehus gir også råd og veiledning til privatpersoner og offentlige instanser i anonyme saker som er uavklarte.

Biblioteket som møteplass – når det blir vanskeleg

Dersom/når biblioteket blir ein møtestad for barn og unge utan tydelege grenser, kan det vere vanskeleg å ha oversikt over det som skjer. Det er ikkje ein god følelse å miste kontroll og sjå at andre bibliotekbrukarar blir engstelege.

Slike situasjonar må løysast i fellesskap – tiltak må vere beskrive i ei ROS-analyse, og det må vere klart kva støtte som kan påreknast frå politi, vektarteneste eller andre tilsette. Her har arbeidsgjevar eit klart ansvar. Bibliotektilsette har og rett til ein trygg arbeidskvardag.

Nokon situasjonar oppstår plutseleg utan forvarsel, medan andre situasjonar kan vere meir forutsigbare og varslast på førehand. Det er ein fordel å ha litt kunnskap om lokalsamfunnet – kva rører seg i ungdomsmiljøa? Både politi, utekontakt og fritidsklubbtilsette har innsikt i fleire miljø. Ofte har dei kontakt med ungdommane, og kan bidra til å forhindre uheldige situasjonar, og kanskje til og med rekruttere «potensielle» bibliotekbrukarar.

Bibliotekets beliggenheit og inreiing kan ha betydning for kven som oppsøker biblioteket med dårlege hensikter. Sørg for at lokala er innreia slik at de har oversikt over krikar og krokar, og ikkje inviterar til lyssky verksemd. Husk at det som er forbode i offentlege rom, er og forbode på biblioteket.