Spel for alle – «Kasino mobil»

Prosjekteier:Seljord bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Biblioteket som møteplass
Samlet støtte:100 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Avsluttet
Tidsperiode:2014, 2015

Søknad

Mål

Vi har ikkje lenger bokbuss i Telemark. Nå ynskjer vi oss andre mobile tenester som kan utvide biblioteket som begrep og samfunnsaktør uavhengig av det fysiske, konkrete bibliotekrommet. I våre kommunar, der biblioteka har lite funksjonelle lokale, må vi finne andre løysingar for å gje innbyggjarane nye tilbod.

Beskrivelse

Vi ynskjer å gje innbyggjarar i distriktet vårt tilgang på møteplassar der ein kan ha det sosialt og likevel vere fysisk aktiv på sitt eige nivå. Til dette treng vi mobilt TVspel-utstyr som enkelt kan transporterast og brukast der folk bur og samlast. Ingen av biblioteka våre har lokale som kan huse denne type aktivitet, difor vil vi prøve ut samarbeid mellom bibliotek og kulturhus, grendehus og andre lokale aktivitetshus der ein kan skape eit lågterskeltilbod for fysisk aktivitet tilpassa folk med ulikt funksjonsnivå. Både kulturhus og fleirbrukshall innheld i utgangspunktet idrettsaktivitetar, slik at dette vil vere ein naturlege møtestad for fysisk aktivitet. Dette tilbodet blir eit supplement til brukarar på ulikt funksjonsnivå. Tilbodet vil markedsføre og profilere biblioteka på ein ny og positiv måte for nye brukargrupper. Målet er samarbeid med institusjonar, opne dagtilbod og aktuelle lag/foreningar, men også tilby "opne" dagar/kveldar der folk kan kome ”uorganisert”. T.d. kan familiar kome saman på aktivitetar som kan inkludere både born og evnt. demente familiemedlemmer. Biblioteket håpar at aktiviteten kan bli ein sosial arena for grupper og enkeltpersonar med dårleg sosialt nettverk.
* Praktisk: Biblioteket tek ansvar for å kjøpe inn nødvendig teknisk utstyr og programvare, i tillegg til å skaffe folk til å gje brukarane nødvendig rettleiing og opplæring.
* Ressursbank: I tillegg vil vi oppgradere, styrke og tilrettelegge biblioteket sine samlingar innan emna fysisk og psykisk helse/livsstil/trening/mosjon/mat/demens...Dette vil bli ein ressurs for m.a. helsepersonell under utdanning og vidareutdanning i regionen. Alle biblioteka i Vest-Telemark har felles lånarregister og bibliotekkatalog og dermed god felles utnytting av bokstamma.
*Møteplassar: Gjennomføre temamøte i samarbeid med andre aktuelle aktørar, der møteplassen kan vere bibliotek, grendehus eller andre forsamlingslokale. Aktuelle tema kan t.d. vere Supermat, Ein god latter forlengar livet, Hugsar du den gong?...