Frå inaktiv til aktiv: aktive lånarar, aktiv formidling.

Prosjekteier:Seljord bibliotek
Samlet støtte:50 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2021

Søknad

Mål

Å auke bibliotekbruken blant passive lånarar og å gje tilbod om litteraturformidling til barn på grendeskule.

Beskrivelse

Vi er eit lite bibliotek med stor opningstid. Våre personalressursar er mykje bunde til utlånet, og vi har få timar med to på jobb samtidig. Viss vi hadde større personalressursar ville vi jobba med:
1. Å auke bibliotekbruken blant passive lånarar:
Mange av kommunens innbyggarar er registrerte lånarar, men dei er likevel sjeldan innom biblioteket. Vi må minne dei på at vi framleis er her. Ein ting vi har snakka om å prøve, men som vi aldri har fått gjort noko konkret med, er å lage digitale nyheitsbrev. Da kunne både gamle og nye lånarar få tilbod om å abonnere og vi ville fått lært korleis vi kan gjere dette og sett om det har nokon effekt på bibliotekbruken. Vi ynskjer primært å få det til gjennom biblioteksystemet, men om det ikkje lar seg gjere, må vi finne andre måtar å løyse det på. Vi må også finne ut av forhold omkring personvern. Nyheitsbrevet skal innehalde litt om nye innkjøp, men også informasjon om andre tilbod og tenester, samt arrangement. Vi har tidlegare laga fysiske faldarar og distribuert rundt på arbeidsplassar og butikkar i bygda, samt laga info til skular og barnehagar om nye bøker for dei ulike trinna, men det blir for tungvindt og vi greier ikkje å følge det opp.
Frekvens: Ni nyheitsbrev pr. år
Når: Januar – desember 2021
2. Litteraturformidling til barn på grendeskule:
Vi har ofte besøk av klasser frå Seljord barneskule, som ligg i gangavstand til biblioteket. Ein av våre tilsette er både lærar og bibliotekar og har hatt fast avtale med ei klasse om bokprat for desse. Slikt tilbod har vi pr. nå ikkje kunne gje til grendeskulen i Flatdal, men om vi får midlar, ynskjer vi å gje skulen der eit tilbod dei ikkje kan seie nei til.
Det er ca 1 mil mellom Flatdal skule og biblioteket i Seljord sentrum, så både reisetid og skysskostnadar gjer det vanskeleg å få til faste og jamnelege besøk av elevar til biblioteket. Skulen har ca 30 elevar på mellomtrinnet og er den einaste grendeskulen att i kommunen. Dei har skulebibliotek, men både lærarar og elevar treng inspirasjon og tilgang på fleire bøker å velje blant. Vi ynskjer at personale frå biblioteket kan besøke mellomtrinnet på skulen med bokprat, bøker og folkebiblioteksystemet på PC, slik at bøker kan lånast ut ordinært. Vi tenker at skulen kan få påverke innhaldet, men at vi sjølve kan sjekke ut og bruke eksisterande digitale formidlingsopplegg, og at vi t.d. kan bruke litteraturlistene frå FNsambandet knytt til FNs bærekraftmål som utgangspunkt. Dette både for å bli kjent med ressursar for eigen del og for å informere lærarar om kva som finst.
Frekvens: Tre besøk kvart semester
Når: Hausten 2021-våren 2022
Kombinere: For å følge opp bokprat og –informasjon til grendeskulen under og etter tilskotsperioden, kan ein nytte det digitale nyheitsbrevet og tilpasse innhaldet til målgruppa. Det kan også utvidast, slik at vi lagar for barnehagar/småskulen/mellomtrinnet og ungdomsskulen med tilpassa innhald og sender rett til den einskilde institusjon/abonnent.

Vi meiner at vår søknad dekker fire av dei fem måla i utlysinga, m.a. «oppsøkende bibliotekvirksomhet» og «digital formidling».
Vi søker om tilskot til personalressursar og vi meiner det er dekning for det i desse punkta i utlysinga: «frikjøp av bibliotekpersonale slik at personalet kan engasjere seg sterkere i litteraturformidling til nye brukergrupper eller oppsøkende bibliotekvirksomhet» og «utvikling av bibliotekets digitale litteraturformidling».
Andre krav til innhald i søknaden:
Plan: Vi har ingen plan for det, men: Vi jobbar så godt vi kan med å utvikle formidlingsaktiviteten heile tida, formidling er alltid i fokus: Korleis nå ut, og korleis få folk til å bruke biblioteket sine tenester? Vi har interne halvårsplanar for utstillingar og arrangement, og vi prøver å lage plan for Facebook-publiseringar, alt ut frå ynsket om å formidle.
Vidareføring av tiltaket: Utifrå tilbakemeldingar og måleresultat, og viss overkommeleg tidsmessig ved at vi får gode og enkle rutinar for å lage digitale nyheitsbrev, er dette eit tiltak som vi vil innarbeide i kvardagen. Vi vil også dele det vi lærer med dei andre biblioteka i Vest-Telemark. Bokinspirasjon kan bli vidareført som nyheitsbrev.
Effektmål:
1.Tal på skulebesøk: 6
2. Tal på utsending av nyheitsbrev: 18
3. Sjekke statistikk over aktive lånarar pr. januar 2021 og januar 2022.