
Lovdata ynskjer å fremje biblioteka sitt digitale tenestetilbod gjennom å tilby Lovdata Pro til folkebiblioteka. Ved å tilby Lovdata Pro gratis i ein tilpassa versjon, håpar Lovdata å kunne bidra til betre tilgang til rettskjelder gjennom biblioteka.
Bibliotekversjonen er basert på IP-innlogging frå førehandsgodkjende IP-adresser. Det inneber at tenesta berre er tilgjengeleg frå biblioteket sitt IP-område, og berre kan nyttast ifrå biblioteket sine lokale.