– «Stilling ledig: Bokbamse.» Det synest eg høyrtest spennende ut, så eg søkte.
Tekst og foto: Mette Karlsvik
Bokbamse Rannveig Nymoen held rattet stødig mellom hendene, sjølv om asfalten er kvit av tørr frost. Snøkrystallane blenkjer som stjerner på engene i Øvre Eiker, Buskerud. Temperaturen er minus ti i denne kommunen som ligg mellom Drammen og Kongsberg.
Bokbamsens vesle, raude bil susar opp og ned bakkene som ein liten Postman Pat mellom haugane i den store kommunen. På Trollstua Barnehage ventar ungane spent på kommunens «Kanutten» eller «onkel Lauritz», nemleg lokalkjedisen Bokbamsen. Aka Rannveig Nymoen.
Amfiet i samlingsrommet til Trollstua er fullt av barn frå storebarnsavdelinga. Tre til seks år gamle barn sitt heilt framst på benkane og følgjer spent med.
Nymoen bankar på noko i sekken sin, og spør kva det er. Latter. Nymoen tek opp ein liten dokkestol og spør: «Kan eg sitje på den stolen der?»
– Ne-hei, svarar barna.
– Du pleier å tulle med at du kan sitje opp i den, seier ein gut.
– Hæ? Er det plass til rompa mi oppi der da? spør Nymoen.
– Neeeei! seier barna, før Bokbamsen, altså teddybjørnen, helser og nikker pent på og til alle, Hei hei hei hei hei hei HEI.
Så må bamse setje seg, og Rannveig dreg igang med eit eventyr om den stakkars pepparkakemannen som alle vil ete. Først kjerringa, så kua og grisen og barna i Trollstua stirrar medan pepparkaka løper frå alle som vil ete han.
Så er det rett over til sang, og barna syng med, før det er opplesning frå ei stor bildebok. Det er full fart frå Bokbamsen begyner til ho sluttar. Det synest og høyrest at Bokbamsen, Rannveig, har band og musikkutdanning, og at ho syng i koret på Konserthuset i Oslo. Men det viktigaste er nok denne personleg eigenskapen: At ho tek styringa over gruppa og fangar dei med ting, sang og forteljing, non stop.
– Særleg når eg er med dei aller minste så må det gå litt i eitt, seier ho etterpå. Eg lurer på korleis ho har det, etter tre intense formidlingsstunder for tre grupper.
– Det er ein grunn til at eg ikkje legg opp til mange vitjingar kvar dag. Eg må vere veldig på.
Før vi går ut att til Bokbamsens vesle, raude Postman Pat-bil, så overrekker Nymoen ein pakke bøker til styraren på Trollstua Bibliotek, Stine Kavigas.
– Barna våre er veldig glad i bøker og litteratur. Dei er kvart år med på å dramatisere tekstar. Og eg er heilt sikker på at dette har å gjere med kommunen si litteratursatsing, seier Kavigas.
Leseferdigheit
Det er i år ti år sidan Rannveig fekk jobben som Bokbamse i Øvre Eiker kommune. Stillinga hadde eksistert i nokre år. Bakgrunnen var at rådmannen i kommunen hadde lese ein kronikk i Dagbladet, som handla om ulikskap i leseferdigheit i kommunane. Kronikken skildra Markaryd kommune i Sverige som skåra rekordhøgt på leseferdigheit. Og i den kommunen var det ein Boknalle. Dermed drog ein delegasjon frå Øvre Eiker til Markaryd. Og snart etterpå blei stillinga oppretta.
I dag er Bokbamsen på vegen, ute i felten, fire av fem dagar. Den siste dagen beskytter ho som kontordag, for å organisere alt. Nokre oppdrag er faste og kjende: Formidlingsstund på biblioteket eller dei månadlege besøket til barnehage X, til dømes eller det halvårlege besøket til barnehage Y.
– Men det blir aldri rutine. Kvart møte med barnegrupper er ulike. Barnegruppene endrar seg frå år til år. Dei yngste barna kjenner meg ikkje, så det er alltid spennande, seier Nymoen, som også har eit anna spenningselement i kvardagen: Heilt unikt med Øvre Eikers Bokbamse, er at ho bruker mykje av tida si til heimebesøk hos familiar med toåringar.
– Det er ein meir spennande situasjon. Du anar ikkje kven dei er og korleis det går. Der er det heilt umuleg å få til noko rutine. Men eg er stort sett trygg på ungar. Eg las for vaksenopplæringa her ein dag, og oppdaga at eg er spent på førehand – sjølv om eg veit litt meir kva eg går til då .
– Liknar dette å jobbe som skodespelar, eller vere ei gamaldags barne-TV-tante?
– Det går ikkje an å vere i denne rolla og vere sur. Dei større kjenner meg etterkvart godt, og dei kan komme og ville snakke med meg. Eg blir veldig medviten meg sjølv når eg er ute i byen. Eg kjenner det som at eg må oppføre meg, og at eg må vere i eit godt humør. Her ein sommardag sat eg med ein venn og ei øl på ein kafé, då eitt av barna kom hoppande bort til meg. «Hei bokbamsen!» Då skulle eg ønskje at det ikkje stod ei øl på bordet mitt. Men det er stort sett berre hyggeleg. Eg får jo berre dei takksame tilbakemeldingane.
Ny standard
I Sverige har det endra bibliotekarrollen heilt. Plutseleg skal bibliotekaren forlate skranka og gå ut og banke på døra til folk.
Sigrun Feiring har teke ein times pause frå det hektiske arbeidet som prosjektleiar for Bokstart. På lesesalen til Sentralen, bak ein liten bunke barnebøker, fortel ho om ein viktig inspirasjonskjelde; Sveriges Bokstart.
– Han kjem inn til framande folk, legg fram bøker i stova til småbarnsforeldre, og har høgtlesningsstund for barna og foreldra deira. Bibliotekarane var skikkeleg skeptiske og redde først. Redde for å invadere, for å moralisere. Men så kjem dei ut derfrå, og snakkar om det med stjerner i auga, fortsett Feiring.
Å forlate det trygge, lågmælte og ryddige biblioteket. Å forlate Deweys system og føreseielege oppgåver, og møte det ukjende, dei ukjende. Det kunne skremt dei mest verdsvande av oss. Men dei svenske bibliotekarane som fekk ein meir utadvendt og oppsøkande kvardag, har fortalt om den gode røynsla på erfaringskonferansar. Sigrun Feiring var der, lytta til dei svenske bibliotekarane, og snakka med dei.
– Nokre sa at det var det mest meningsfulle dei har gjort. Dei framheva den umiddelbare kontakten som det var muleg å få med brukarane, og den personlege kontakten. Dei oppsøkte familiar som hadde fått barn dei siste månadane for å lese høgt for spedbarna. Men det kunne også vere småsøsken som høyrde på. Seinare var det større sjans for at akkurat den familien oppsøkte biblioteket etterpå. Fleire foreldre lånte også bøker til seg sjølv.
Sigrun Feiring ser nesten sjølv ut til å ha stjernar i auga når ho snakkar om Bokstart-prosjektet, og særleg dette – i dei landa der den oppsøkande metoden blir brukt. «Bokstart» er eit prosjekt med røtter i det britiske Bookstart frå 1997. Sidan har det vore spreidd til tretti-førti land, i ulike former. Over Bookstart er det europeiske nettverket EURead. Det norske Foreningen !les er medlemsforening i EURead, og tok initiativ til norske Bokstart med eit pilotprosjekt i 2017. Prosjektleiaren Sigrun Feiring nemner dei utanlandske prosjekta som ein viktig grunn til at ein i Noreg endeleg satsar skikkeleg på å rekruttere lesarar heilt ned til null år:
– Vi ønskjer å gjere bøker og lesnad tilgjengelege for alle, også dei aller yngste, og skape leselyst. Metoden vi utgreier no, er å dele ut bøker til familiane via helsestasjonen. Vi vel helsestasjonen fordi det er ein måte å nå alle, også dei som ikkje ha barna sine i barnehage . I piloten har vi jobba med tre helsestasjonar i tre bydeler aust i Oslo. Familiane fekk bøker då dei var på den obligatoriske åtte-månadarskontrollen. Når barna blir to år skal dei også få eit gåvekort som dei skal ta med seg til biblioteket, og veksle i ei bokgåve. Samtidig vil dei bli kjend med tilbodet ved biblioteket.
– Kvifor er dette så viktig?
– At nybakte foreldre les for barna sine kan styrke kontakten mellom dei. Lesesituasjonen er eit møtepunkt, og boka eit godt utgangspunkt for samtale mellom dei to. I tillegg er det ein heil del biverknadar, særleg i det som har med språkutvekling å gjere. I helsestasjonane i dei tre bydelane som vi jobbar no, fortel helsesjukepleiarane at dei må bruke mykje tid med foreldra til å snakke om viktigheita av det med å prate med barna sine. Helsesjukepleiarar kan sjå at barn som ikkje utveklar språk frå dei er små, vil kunne oppleve utfordringar når dei begynner på skulen. Vi veit frå forsking at mykje av språkutveklinga skjer i dei første leveåra. Det skjer enormt mykje med barns hjerne fram til dei er tre år. Det er eit omfattande danningsprosjekt.
Språk i leik
Ved Universitetet i Stavanger forska Lesesenteret på samanhengane mellom språket, leiken og den sosiale kompetansen til små barn. Forskninga viser at språksvake toåringar går glipp av viktig sosial erfaring, og at dei sosiale problema forplantar seg inn i ungdomsskuletida. «Leik er språkleg krevjande. Sjølv barn under tre år bruker språk i leik,» uttalte forskaren, Elisabeth Brekke Stangeland, i 2015. At det er viktig å stimulere desse hyperaktive småbarnshjernane er det liten tvil om. Men må det vere bøker? Er det ikkje godt nok å la barnet få utforske ein pedagogisk app eller digitale, interaktive småbarnsbøker?
– Det finst sikkert mange svært gode appar for små barn der ute. Men det finst også mykje som ikkje er så bra. Blant digitale, interaktive bøker på norsk for denne aldersgruppa er utvalet magert. Det å sjå på dei skjermane er akutt stimulering. Alle har eit behov for å bli teke på fanget og lese for. Barn lærer av nære omsorgspersonar. Små barn må ha ein tilknytning til trygge vaksenpersonar for å lære. Barnehage er viktig, men foreldra er kjempeviktig.
– Det treng ikkje vere avansert, men berre det å setje barn på fanget og sjå på bilde i ei bok. Barnet apar etter foreldra sine lydar. Dei har augekontakt, og eit felles fokus. Når ein les så bruker ein andre ord enn i daglegspråket. Barnets ordforråd veks. Barnet lærer å snakke, og begynner å følgje foreldra sine blikk. Dei lærer å bli snakka med. Det utveklar empati, forståinga for den andre. Ved eittårsalderen handlar det om enkle ord og enkle bildebøker. Frå atten månadar kan ein knytte bilde og ord til barnets kvardag. Professor Vibeke Grøver (professor i pedagogikk ved UiO, journ. Anm) viser gevinstane som finst i å følgje barnets interesse. I byrjinga kan ein stort sett ikkje lese frå start til slutt, men heller stoppe opp ved enkelte bilde. Kanskje vil barnet berre bite i boka. Men det er greitt det også – barn og foreldre sit saman, det er viktig. Når barnet blir større er gevinsten at barnet lærer å forstå narrativ og utveklar fantasi.
Og dette danningsprosjektet brenner Sigrun Feiring for. Foreløpig har ho lykkast i å få gitt Vibeke Røglers bok Revungen til nybakte familiar i Alna, Stovner og Søndre Nordstrand. Ho har også arrangert ei nasjonalt famnande, svært populær konferanse, her på Sentralen. Deltakarane var bibliotekarar frå Finnmark i nord til Lindesnes i sør, og har inspirert kommunar som Strand i Ryfylke og Fitjar i Hordaland. Og sjølve kremdømet, seier Feiring, er Bokbamsen. Ho håpar at det med utadretta bibliotekaraktivitet kan bli meir utbreitt i Noreg, som i Sverige. For det er ikkje alle som har barn som det er så lett å dra ut av huset med. Nokre helsestasjonar tilbyr heimevitjing for å følgje opp babyene sine kroppar. Kvifor skal ein ikkje også tilby liknande for å ta vare på sjelane – ikkje berre til barna, men også til foreldra?
– Dei tre måla for Bokstart er å auke leselyst, å gjere bøker tilgjengeleg for alle små barn og foreldra deira, og styrke foreldra sin rolle i barnas språk og utvikling. Erfaringar frå andre land viser at samarbeid mellom helsesektoren og bibliotek er ein effektiv måte å nå ut til mange småbarnsfamiliar. Midla våre går til bøkene, som folk får gratis, og så legge til rette for at bøkene kjem fram via helsestasjonen og biblioteka.
– Er det opp til bibliotekarane om dei også skal jobbe utadretta, inn mot folk sine heimar?
– Ja, vi er verken bibliotekssektor eller helsesektor. Men vi er den nasjonale aktøren som tek initiativ til å starte dette. Frå og med januar går prosjektet frå fullt i Oslo. I samarbeid med Deichman vil eit årskull med toåringar – rundt ni tusen barn – få invitasjon med gåvekort til sitt lokalbibliotek. Aldri før har eit bokgåveprogram blitt prøvd ut i så stor skala i ein norsk samanheng. Alle toåringar skal då få ei av desse Nora-bøkene, og bli teke imot av ein barnebokbibliotekar. Vi håpar også at helsestasjonane vil vere med på ei utviding av samarbeidet. At dei vil dele ut gåvekortane og oppfordre familiane til å bruke tilbodet ved lokalbiblioteket. Og biblioteka – kanskje kan dei låne lokale til barselstreff? Eg håpar at vi får dette til!
– Kva skulle hindre dette frå å bli realitet?
– Lokalbiblioteka i Oslo står klare. Men eg er spent på om helsestasjonane har kapasitet til å følgje opp. Og det er der vi må komme inn. Det er ei utfordring å nå dei som treng Bokstart mest.
– Les du for barnet ditt?
For veker sidan kom ei mor og eittåringen hennar inn på biblioteket på Jørpeland, Ryfylket. Mora hadde med ein liten billett som ho gav bibliotekar Kathrine Vik. Bibliotekaren blei no ein reiseleiar som viste fram alle dei fine nye bøkene som passar til dei minste barna.
– Den billetten er måten vår å nå nybakte foreldre på. Vi kallar han berre «ticket to heaven», seier Kathrine. Ho jobbar på biblioteket til Strand kommune, som ligg nordaust for Stavanger. Tilfeldigvis har kultursjefen i kommunen eit hjarte som bankar for bildebøker. I februar 2019 gjorde kommunen eit vedtak på å satse på Bokstart, og sendte søknadar om økonomiske tilskot. Og i september blei dei første bøkene å bli delte ut på helsestasjonen i kommunen.
– Kultursjefen vår er ein idealist. Han kjente til «Göteborg, Staden där vi läser för våra barn», og ønska å få til det same, i mindre utgåve, her. «Tenk om vi kunne få det til?» Strand er jo ein liten kommune med lite pengar, og jamnt over er det få igjen i kommunen med høgare utdanning. Vi tenkte at eit slikt leseprosjekt kunne bidra til eit løft i kommunen.
På veggen av kulturhuset på Jørpeland heng det ein fem meter, knallgul lang banner, med påskrifta Leser du for barnet ditt?/ Do you read for your child?/ Ilmahaaga wax ma u akhridaa? Og setningar i framande teikn, som betyr det same. «Les for meg!» heiter Strand kommunes «bokstart»-aktige aksjon, og må seiast å vere unik i Noreg. I kva andre kommunesentre er veggen dekka av lese-inspirasjon?
Banneren er pryda av ein revunge. Vibeke Røglers revunge. Den same som i boka Revungen, som alle barn i Strand kommune får når dei er på 10-månadarskontroll på helsestasjonen. To månadar seinare får barna Min verden av Kari Grossmann. Dei får også billetten som ei mor nyleg tok med seg til Kathrine Vik. I tillegg til lesestunda, fekk den vesle familien med seg eit miljøvennleg bærenett, og mulegheita til å velje to av fem barnebøker.
– Og det er der, når dei kjem til biblioteket, at den viktige jobben vår begynner, seier Vik.
– Vi skal ta godt imot kvar enkelt, og oppmode foreldra til å låne med seg fleire bøker. Mange av dei har låne kort. Nokre blir då litt flaue. Dei har kanskje krav på bøker dei ikkje har levert. Då skal vi vere rause og gi foreldra ein ny start. Så er det mange som ikkje har lånekort. Vi vil prøve å overtale dei til å få med seg lånekort.
– Det er ofte travle tider, den småbarnsperioden. Kva om foreldra sluttar å komme til biblioteket?
– Vi har lyst til å sende ut hyggelege meldingar til dei som ikkje låner vidare. Korleis løyser vi det utan å komme i konflikt med personvernloven, altså GPDR? Det er det vi har dei fysiske billettane til. Der står barnas fornamn og fødselsdato. Vi ønskjer å skrive opp foreldra sine namn på billettane også. Og så bruke billettane til å følgje dei opp.
– Kva med dei av dei nybakte foreldra som ikkje kjem seg ut av huset og heilt til biblioteket; vurderer de å gjere som svenskane – at bibliotekarane kjem heim til familiane med bøker?
– Eg høyrte svenske bibliotekarar fortelje om prosjektet sitt. Dei reiser alltid tosaman, sidan det kan opplevast litt invaderande. Dette blir for ressurskrevjande i forhold til kva vi i Strand kommune får til. Men Les for meg samarbeider med barnevernet i kommunen vår. Barnevernet har vore på alle møtene som vi har hatt om prosjektet, og dei melder at dei vil ta med seg bøker ut til heimane neste gong dei vitjar familiane.
– Kva anna består Les for meg! av?
– Vi får vitje ei barselsgruppe som blir arrangert av NAV. Dette er ei lukka gruppe på ti mødrer med barn i alderen tre til seks månadar. Eg får komme inn der for å snakke om bøker og lesing, og seier noko om viktigheita av lesing for språkutvekling. Meininga er å ufarleggjere biblioteket, og gjere dei tryggare på oss.
– Leser du for barnet ditt? Står det på banneren på kommunehuset. Kan dette verke skremmande eller provoserande på foreldre som kjenner seg utilstrekkelege og som ikkje har hatt tid eller ork til å lese for barna sine?
– Ja, dette har vi diskutert mykje i prosjektgruppa, der det er både helsesjukepleiarar, folk frå flyktningehjelpa, barnevernet og kommunen. «Har vi noko å gjere med om foreldra les for barna sine?» Vi er medvitne at det kan vere provoserande. Så langt er det teke veldig godt imot. Men vi trur at alle har den same tida. Alle kan legge vekk iPadden. Barn som blir lese for stiller sterkare når dei begynner på skulen. Vi kan midlertid ikkje presse bøker på folk. Det vi forsøkjer å gjere, er å skape biblioteket til ein lun og trygg stad, og å oppmuntre og inspirere foreldra, seier Vik, som sjølv har nokre av dei finaste stundane sine når ho les for det toårige barnebarnet sitt.
– Han vil at vi skal vere aleine då. Så set vi oss litt unna dei andre, og les Albert Åberg, Mopp og Mikko, Svein Nyhus’ Lars-bøker, Pål-bøkene til Barbro Lindgren eller dei nydelege Hvem-bøkene til Stina Wirsén.
– Om eg forstår deg rett, så brenn du litt for Les for meg – prosjektet til Strand kommune?
– Ja, det gjer eg! Dette er berre eit pluss-prosjekt!
[1] https://lesesenteret.uis.no/stavangerprosjektet/nyheter/spraksvake-toaringer-faller-utenfor-i-lek-article100152-12759.html?articleID=100152