LESEDIGG: Digital litteraturside for barn

Prosjekteier:Nynorsk kultursentrum, Biblioteket
Prosjektkategori:Innsatsområder: Nye samarbeidsformer og partnerskap
Samlet støtte:300 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2021

Søknad

Mål

I LESEDIGG vil Nynorsk kultursentrum og fagbiblioteket vårt gå saman med Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Nynorsksenteret, Framtida junior, Pirion, Vestland fylkeskommune og folke- og skulebibliotek på Vestlandet om å utvikla ei digital litteraturside som rettar seg mot barn på barnetrinnet. Målet er å få fleire til å lesa, styrka lesekompetansen og gjera litteraturen lettare tilgjengeleg for barn.

Beskrivelse

Bakgrunn for prosjektet
Mesteparten av det digitale innhaldet som biblioteka tilbyr i dag er tilrettelagt for vaksne.
Dei fleste nettsidene til biblioteka har lite innhald laga for og tilpassa for barn. Dette ønskjer me å gjera noko med.

Med felles interesse og mål i litteraturformidlinga vår ønskjer me å gå saman om å utvikla ein nasjonal ressurs som rettar seg mot barn mellom 7-13 år. Nettstaden vil vera eit bidrag til biblioteka sitt formidlingsoppdrag for å nå ut til eit barnepublikum, og skal lett kunna takast i bruk av skule- og folkebibliotek.

Me ser for oss at me kan nå eit større publikum og fremja litteratur på ein effektiv måte når me samlar kreftene. Saman kan me utvikla ein nasjonal ressurs som fleire kan gjera seg nytta av gjennom ein felles plattform og ved bruk av open kjeldekode og data som er fritt tilgjengelege.

Dette vil me gjera:
Tiltak 1: Etablera samarbeid og referansegrupper
For å sikra at innhaldet er interessant og tilpassa barn i målgruppa, vil me jobba tett med referansegrupper med barn i utviklinga. For å kvalitetssikra at ressursen svarar best mogleg til biblioteka sin profil, vil me utvikla tilbodet i samråd med utvalde folkebibliotek og skulebibliotek og kartlegga behov og ressursar hos referansegruppene.

Tiltak 2: Tilrettelegging av innhald og design av litteraturside
Me vil presentera innhaldet på den digitale litteratursida vår LESEDIGG på ein mest mogleg brukarvenleg måte. Innhaldet me samlar må tilpassast, slik at det lett kan brukast av målgruppa og gjera litteraturen lettare tilgjengeleg for barn.

Tiltak 3: Teknisk utvikling av digital plattform
Den tekniske løysinga skal hausta, distribuera og presentera informasjon. Plattforma skal utviklast etter opne standarder og vera universelt utforma.

Tiltak 4: Implementering på biblioteknettsider
Innhald frå plattforma skal kunna integrerast på eksisterande biblioteknettsider både for folke- og skulebibliotek. Nettsidene til kvart bibliotek skal bli automatisk oppdatert med innhald frå Framtidajunior.no, Nynorskbok.no, Nynorsk.no, Tunkatten.no og fleire andre samarbeidspartnarar – kvar dag. Dette vil gjera at nettsidene vil ha levande og oppdatert innhald også etter prosjektfasen.

Tiltak 5: Lansering og formidling av LESEDIGG.

Den digitale litteratursida for barn vil visa vidare til godt kvalitetsinnhald for barn. Døme på aktuelt innhald på LESEDIGG:
• Boksøk hos det enkelte bibliotek
• Bokmeldingar frå barn på Framtida Junior og tilrettelagde boktips frå Nynorskbok.no
• Siste nytt frå Framtida Junior
• Aktuelt innhald frå Tunkatten.no og Nynorsk.no
• Tilpassa ressursar frå teikneseriesider, Bok på 1-2-3 og Tidforti.no frå Nynorsksenteret
• Skaparverkstad med aktivitetar som til dømes skrivekonkurransar, teikneseriekurs, animasjonskurs, og skrivetips frå forfattarar
• Podkast med barn og unge om bøker – Bakom boka frå Nynorsksenteret og Nynorsk no frå Nynorsk kultursentrum
• Opplegg for bokbad og boksirklar for barn som lett kan brukast av skulebibliotek og folkebibliotek

Eit samarbeid med så pass mange aktørar om å skapa eit best mogleg digitalt tilbod for born på kvart lokale bibliotek er nyskapande. Den digitale litteratursida for barn vil vera tilgjengeleg for alle og vera med på å styrka norsk språk, og då særleg nynorsk. LESEDIGG vil bli utvikla på nynorsk og visa fram nynorske bøker. Bokmeldingar og boknytt frå Framtidajunior.no vil òg omtala bøker på bokmål og boksøket til kvart bibliotek vil sjølvsagt visa til bøker på begge dei norske skriftspråka. Men ved å utvikla nettsidene på nynorsk er me med på å styrka dei språklege rettane til dei over 60 000 barna som går på barneskulen i nynorskkommunane i Noreg.

Om oss:
Nynorsk kultursentrum har fast verksemd i Aasentunet i Ørsta, på Haugesenteret i Ulvik og på Vinjesenteret i Vinje, driv fleire nettstader – blant anna barnenettstaden tunkatten.no og ein podkast. Stiftinga reiser kvart år rundt i heile landet med utstillingar, arrangement og turnear. Nynorsk kultursentrum driv seks produksjonar for Den kulturelle skulesekken og utviklar fire nye. Trass i den utfordrande koronasituasjonen var Nynorsk kultursentrum til stades med utstilling eller arrangement i 54 kommunar i 2020. Samarbeid med folkebiblioteka er ein del av strategien. Vandreutstillingane hadde 1115 framsyningsdagar i 2020. Godt i overkant av 823 000 brukarar var innom nettsidene til stiftinga i 2020 og omlag 27 000 følgde kontoane i sosiale medium. I 2020 hadde stiftinga 24,4 årsverk og driftsinntekter på om lag 35 millionar kroner.