Bok på Bui

Prosjekteier:Seljord bibliotek
Prosjektkategori:Innsatsområder: Nye samarbeidsformer og partnerskap
Samlet støtte:80 000
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2021

Søknad

Mål

Prøve ut samarbeid med lokale aktørar i Flatdal for å auke utlån og lesing gjennom eit minibibliotek. Vi vil etablere eit attraktivt, fleksibelt, tilgjengeleg, sosialt og sjølvbetent minibibliotek, i samarbeid med Bygdeutviklingslaget og den (einaste) lokale butikken, «Bui», dvs. nærbutikken Joker, som er staden der alle i bygda møtes.

Beskrivelse

Bakgrunn:
Flatdal er ei bygd i Seljord kommune med ca 500 innbyggjarar. Det er skule, kyrkje og nærbutikk der, og det er ca 10 km til kommunesenteret.
Etter at hovudtraseen til vegen E134 vart lagt utanom sentrum i bygda, ynskjer kommunen å oppretthalde og utvikle nærmiljøet, m.a. gjennom prosjektet «Opplevelsesvegen om Nutheim». I kommuneplanen heiter det m.a. at Seljord kommune vil satse på: 1. "Å syte for at utviklinga av kulturtilbodet skjer gjennom samarbeid med frivillige, med lokale organisasjonar, næringsliv og kulturskulen med tanke på opplevingar, aktivitet, inkludering og førebygging." 2. "Å skape attraktive møteplassar, der folk ønskjer å vere, og som legg til rette for uorganisert aktivitet for alle aldersgrupper" og 3. "At sentrum og grender spelar kvarandre gode, og at frivillig arbeid i lokale lag og organisasjonar har gode vilkår og held fram med sitt viktige arbeid for å gje gode opplevingar til alle aldersgrupper." Flatdal filial blei lagt ned våren 2020. Filialen var berre open ein dag i veka, og tilbodet til vaksne var relativt lite brukt og utlånet lågt. Filialen var i praksis også skulebibliotek, da den låg i tilknyting til undervisingslokale i samfunnshuset, som ligg eit lite stykke frå sentrum i bygda. Skulen har overtatt lokalet og bokstamma for barn/unge og nyttar det nå berre som skulebibliotek.

Nytt tilbod:
Etablere eit utlånstilbod på nærbutikken, primært for vaksne og barnefamiliar. Det er eit positivt driv i Flatdal og nærbutikken «Bui» har etablert seg som ein samlingsstad for lokalbefolkning og gjennomreisande til hytteområde i regionen. I forlenging av butikklokalet har drivaren av «Bui» investert i eit eige rom med bord, stolar og sjølvbetening av kaffi og is. Eit minibibliotek her vil vere eit fint bidrag til utvikling av bygda og samlingsstaden «Bui». Butikkdrivaren er svært positiv til eit slikt tilbod i sitt lokale og meiner at det også kan vera med på å styrke møtestaden. Statsforvaltaren har definert Flatdal som ein «typisk turiststad», og med dette opna for utvida opningstid på nærbutikken, også på sundagar. Minibiblioteket vil vere tilgjengeleg i heile opningstida til butikken, 08-20 kvardagar og til kl. 18 i helga. Tilgang til bøker så mange timar pr. dag, sju dagar i veka, vil gje innbyggjarane eit svært godt tilbod. I tillegg ynskjer vi å sette fokus på bøker ved å ha sosiale treff med bokprat i samband med utskifting av bøker i minibiblioteket. Vi håpar at tiltaket skal utvikle interesse for bøker og litteratur for små og store, og gjennom eit samarbeid med nærbutikken og bygdeutviklingslaget, blir tilbodet godt forankra i lokalsamfunnet. Ved ei slik løysing håpar vi å nå nye brukarar, få fleire til å låne og lese og å utvikle bibliotektilbodet i kommunen i tråd med Nasjonal bibliotekstrategi som ynskjer nye samarbeidsformer og tilbod utanfor det ordinære bibliotekrommet.

Løysing/gjennomføring:
Det blir ei bokstamme på ca 300 titlar som skiftast jamleg. Utlån og innlevering er via sjølvbeteningsautomat. Utlånsautomat og RFID-brikker kommuniserer med biblioteksystemet vi elles har i kommunen, slik at alle transaksjonar blir registrert og oppdatert i systemet Mikromarc.
I startfasen av prosjektet treng ein ekstra personalressursar:
• Til det praktiske med etablering av bokstammen og merking/tilrettlegging av materiale/hyller, samt informasjonsmateriell om det nye tilbodet og om eksisterande digitale bibliotektilbod.
• Koplinga mot ordinært utlånssystem: Finne praktiske løysingar for handteringa av materialet som til ei kvar tid er i minibiblioteket. Det gjeld status, historikk, reservasjonar, fjernlån o.l.
• For lånarane må det i starten også vere tilgjengeleg personale for å hjelpe med lånekort, rettleiing o.s.v. Vi tenker oss bemanning med bibliotekpersonalet eit par timar i veka i oppstarten. Personalet formidlar da også informasjon om digitale tilbod og tenester biblioteket har.
• Utskifting av bøker skjer etter fast plan og blir kombinert bokpresentasjon/bokprat i lokalet. Dette blir eit uformelt sosialt og kulturelt lågterskeltilbod som alle samarbeidspartane står som arrangørar av.

Vidareføring:
Når prosjektperioden (1 år) er over, tenker vi at tiltaket blir vidareført som eit permanent tilbod i eit samarbeid mellom nærbutikken, bygdeutviklingslaget og kommunen. Når grunnlaget er lagt og om vi får utarbeid gode rutinar for praktisk gjennomføring, kan tiltaket lett halde fram etter prosjektperioden, med fast plan møte mellom samarbeidspartane for å drøfte, evaluere og evnt. justere tilbodet, og for bokbytte.

Vår søknad i høve til krav i utlysingsteksten:
Målet er å prøve ut samarbeid med lokale aktørar for å auke utlån og lesing gjennom å gje tilgang til bøker i eit minibibliotek med svært lange opningstider.
Dette blir eit nytt tilbod som pr. nå ikkje finst i bygda.
Tiltaket har lokal forankring gjennom nærbutikk og bygdeutviklingslag, og målgruppa, alle innbyggjarar i bygda, vil lette kunne kome med innspel og ynskje gjennom desse.
Tiltaket passar fint inn i kommuneplanens mål om samarbeid mellom kommunale og frivillige aktørar, utvikling av møteplassar og at sentrum og grender skal spele på lag.
Dette prosjektet vil utvikle og styrke tilbodet i utkanten, det jamnar ut ulikheter mellom sentrum/grendelag og det blir tilgjengeleg også for alle som ikkje er så mobile (kollektivtilbodet er avgrensa)
"Desentralisering" og sirkulasjon av bokstamma til stader folk er, gjer at fleire får tilgang til bøkene biblioteket alt har.
Prosjektet stør opp om FNs bærekraftmål nr. 10 "Mindre ulikhet" og nr. 11 "Bærekraftige byer og lokalsamfunn".
Når grunnlaget er lagt og vi får utarbeid gode rutinar for praktisk gjennomføring, kan tiltaket lett halde fram etter prosjektperioden.
Seljord bibliotek er ein del av konsortiet Vest-Telemarkbiblioteka, med felles biblioteksystem for katalog og låneregister. Alle kommunane er små, og har mange grendelag utanom kommuesentrum. Eit desentralisert bibliotektilbod med minibibliotek kan vere aktuelt mange stadar i regionen, og vårt prosjekt kan bli eit eksempel. Ved at vi lagar detaljert omtale av rutinar for materialhandtering, blir det enkelt for andre å gjenbruke opplegget.
Utan ekstra ressursar til personale i prosjektstart, vil vi ikkje klare å få tilbodet opp og stå.